GRAVFERDSBYRÅ FOR VOSS OG NABOKOMMUNANE
Vinsands Gravferdsbyrå AS
Framsidebilder © Svein Ulvund
Støtte og rettleiing i ei vanskeleg tid
Når ein av dei næraste går bort, oppstår det mange spørsmål og val som må takast i ei tung tid. Vinsands Gravferdsbyrå er her for å gje støtte, rettleiing og oversikt over alt som må ordnast - frå planlegging av seremonien til kontakt med offentlege instansar.
Våre tilsette vil sørgja for å informera om kva moglegheiter som finst, kva val ein kan gjera og leggja til rette gjennomføringa slik at seremonien vert personleg og slik ein ynskjer. Me har lang erfaring og kan hjelpa til med at praktiske ting vert ivaretatt på ein korrekt og verdig måte.
Du kan alltid nå oss på telefon 56 51 11 94 - me er tilgjengelege heile døgnet, heile året.
Vinsands Gravferdsbyrå AS
Vinsands Gravferdsbyrå vart oppretta i 1970. Byrået har i nær 60 år vore dreve av same familie, no med 3. og 4. generasjon tilsett i firmaet.
Me har i alle desse åra ytt gravferdstenester på Voss og i nabokommunane Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. Kontoret vårt har i alle år vore på Hestavangen sentralt i Voss sentrum.